Han var ordførar i Ørsta i førre periode, og jobba tett saman med dåverande Volda-ordførar Arild Iversen for samanslåing.

Men har no har vinden blese andre vegen. Ved 2230 tida var ikkje det endelege resultatet klart,men det var ingen tvil om at Ørsta landar på eit solid nei-fleirtal. Og i Volda var det reine nei-raset.

– Det som no blir spennande er kva Volda gjer, om det slår seg saman med Hornindal og Stryn. Dersom dei også slår seg saman med Stryn blir det ei utfordring for samarbeidet mellom Ørsta og Volda, seier Per Are Sørheim, som er gruppeleiar for Ørsta Høgre, og medlem i forhandlingsvalet om kommunesamanslåing.

Varaordførar Karen Høydal (Ap) seier at ho enda på ja-standpunkt i løpet av forhandlingane om intensjonsavtale.

– Det beste vi kunne håpe på var noko som låg nært 50-50. Men eg tar det sakleg og ønskjer å jobbe vidare saman med Volda, seier Karen Høydal.