Førehandsrøystene tyder på at det ikkje blir den heilt store oppslutnaden.

– Det er 58 som har stemt. I forkant av kommunevalet i fjor haust kom det 300 førehandsrøyster, seier ordførar Dag Olav Tennfjord (H).

Det blir folkerøysting i sju lokaler, som er ope til klokka 20.00 i kveld.

– Vi har sendt ut påminning om valet på SMS i dag, seier Tennfjord.

Ålesund eller landkommune

Skodje kommune har inngått to intensjonsavtalar og det er desse innbyggjarane no kan stemme på:

1. Ålesund kommune: Med Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund.

2. Storfjord kommune: Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog.

I tillegg har kommunen gjennomført ei spørjeundersøking med 300 personar. Resultatet frå denne vil vere klart etter at vallokala stenger i kveld.

Usikker

Ordføraren er usikker på kva veg dette går.

– Folk i ulike miljø tippar veldig ulikt, seier han.

Han er glad for at dei har ei spørjeundersøking i tillegg til folkerøystinga.

– Det kan bli ganske lav valdeltaking. Eg har og ei kjensle av at engasjementet er litt skjeivfordelt. Det er overraskande mange som ikkje har tenkt på det eller teke stilling, seier ordføraren, som sjølv støtter opp om Ålesund storkommune.

– Mange er veldig opptatt av det som er nært og kjært. Men ting som skule, tenester og SFO skal vere som dei er i dag. Dette handlar om å spare administrasjonskostnader og bygge robuste kommunar, seier han.

Rådgjevande

Folkerøystinga er rådgjevande.

– I kva grad vil kommunen ta omsyn til resultatet?

– Jo klarare svar og oppslutnad det blir, og jo større samsvar det er mellom folkerøystinga, undersøkinga og det vi har stemt på, jo lettare blir det jo å avgjere.