Sjekk siste nytt i vårt livestudio her

Men han fekk ikkje. Og då vart han litt sint. Etter ein heil dag i barnehagen kom Magnus Ervid saman med foreldra sine klar til å seie ifrå kva han meinte om kommunesamanslåing.  Lillesøster Maria Elise på fire månader brydde seg ikkje om spørsmålet i det heile teke. Ho var berre opptatt av tøflene sine.

– Vi tenkjer regionkommune blir for stort. Vi er allereide ute i periferien. Eg kjem frå Longva og veit korleis det er å vere utkant. Eg trur vi ville bli endå meir utkant i ein storkommune.  Difor meiner eg at det beste er at Haram vert ståande åleine, seier Heidi Mork.

Nordøyvegen

Ho og ektemannen Per Magne Mork er samde om det.

– Men alternativet om å slå seg saman med Sandøy er også akseptabelt, seier han. Det alternativet føreset at Nordøyvegen kjem.

– Vi får håpe den kjem, seier han.

Valdeltaking

Røysteansvarleg Reidar Ervik har ikkje eksakte tal enno, men inntrykket han har på ettermiddagen er at oppslutnaden er betre denne valdagen enn ved kommunevalet.

– Og endå opna vallokala to timar seinare enn ved kommunevalet, påpeikar han overfor Sunnmørsposten.

Ved kommunevalet var det første gangen Helland, Hildre, Brattvåg var slått saman til ein krins.

I Haram er det no seks krinsar: Fjørtoft, Haramsøy/Longva, Lepsøy, Brattvåg/Helland/Hildre, Vatne/Tennfjord/Vestrefjord og Søvik/Grytastrand.