Då røystelokala i Sula stengde klokka 20 torsdag kveld, vart resultatet av førehandsrøystinga i kommunen offentleggjort.

Det viser at heile 90 prosent seier nei til å bli ein del av regionkommunen Ålesund. Berre åtte prosent vil at Sula skal bli med i storkommunen, mens to prosent veit ikkje/røysta blankt.

Totalt vart det avgitt 542 førehandsrøyster i Sula, noko som utgjer omlag ti prosent av det totale talet på røysteføre i kommunen.

– Sjølv om det endelege resultatet vil bli noko meir nyansert, så er dette eit tydeleg signal frå innbyggjarane i Sula, seier ordførar Jim-Arve Røssevoll (Ap) til Sunnmørsposten.

Få med deg alt om folkerøystinga i vårt Livestudio

Unge og eldre

At heile ni av ti sulamittar vil halde fram som eigen kommune, er også mykje høgare nei-fleirtal enn det ein tidlegare har sett i to innbyggjarundersøkingar i Sula, i 2014 og 2015. Då vart eit representativt utval på totalt 600 spurde, og omlag 70 prosent sa nei til Ålesund.

– Verdt å merke seg, er at det er mange unge og eldre som har førehandsrøysta. Og vi veit at desse gruppene er mest skeptiske til ei samanslåing med Ålesund, seier Røssevoll.

Han trur likevel at sluttresultatet av folkerøystinga vil bli svært tydeleg.

Dette viser at folket og politikarane i Sula er heilt på linje med kvarandre, meiner ordføraren.

Svært vellukka

– Også i kommunestyret er det eit liknande overveldande fleirtal for at Sula skal halde fram som eigen kommune, seier Røssevoll.

Han meiner sjølv at det 40-årige prosjektet med Sula som eigen kommune har viste seg svært vellukka, og at det også vil vere rette løysinga for framtida.

– Sjølv om det også er fordelar med ein regionkommune, så har Sula ein storleik, geografi, administrasjon og tilsette som klarar å drive kommunen på ein god måte på eiga hand, meiner han.

Før det endelege resultatet er klart, er han no mest spent på valdeltakinga.

– Eg håper den bikkar 50 prosent, men helst endå høgare. Då vil det bli eit tydeleg råd, seier han.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook