Smp.no sjekkar stemninga rundt om i vallokala i høve den rådgjevande folkerøystinga om kommunereforma.

Regjeringa vil ha færre og større kommuner, men skal ein tru pensjonistane på Giske er stemninga for at ting skal bli som dei har vore.

- Vi veit kva vi har i dag, men ikkje kva framtida vil bringe, seier Per Otto Hellevik til smp.no.

Inntrykket er at det er stor skepsis mot å slå Giske kommune saman med Ålesund og andre kommunar, seier han.

- Det blir for stort. Eldre har spurt meg kvar dei endar opp når dei skal på gamleheim. Brandal? Ørskog? seier han.

Harald Hole er valfunksjonær med lang fartstid som kommunepolitikar (28 år) og ordførar i Giske.

- Eg skal vere forsiktig med å meine så mykje, men det er ingen tvil om at det er stor skepsis til ei storkommune blant dei eldre. Dei unge er vant med å gjere ting  på internett, medan vi likar å møte opp på offentlege kontor og snakke med folk. Då blir det langt å reise inn til eit rådhus i Ålesund, seier Hole.

Bygut

Hole, som kjem frå Hessa har ingen planar om å bli bygut att.

- Nei, sjå kva Ålesund kommune har klart å utrette i den bydelen. Ikkje stort.

- Er det ikkje noko som er positivt med ei storkommune?

- Jau, ei storkommune eller regionkommune hadde vore på sin plass viss vi blei kvitt fylkeskommunen. Poenget med lokaldemokrati er at det skal vere kort veg til makta for folk. Med store kommuner og fylke er eg redd vi ender opp i byråkratiske løsninger som ikkje gagnar folk, seier Hellevik.

- Trur du politikarane tar folkerøystinga på alvor?

- Både ja og nei. Med stor oppslutning må dei høyre på folket. Men om det blir berre 40 prosent oppslutning, kva slutning skal dei dra da? Eg fykter folkerøystinga blir eit spel for galleriet, seier han.

Han får støtte av Laurits Valderhaug som stemte nei til storkommune.

- Eg er skeptisk, slik dei fleste som er her no. Men ut på dagen vil nok dei yngre kome og seie si meining. Då kan nok fleirtalet bli mindre eller endra. Det er viktig å seie i frå.