– Det var kø då vi opna klokka 0900, og det har vore eit jamnt sig heile dagen, seier Janne Skarstein og Inger Johanne Løeng, som er ansvarlege for gjennomføringa av valet i Ørsta sentrum.

Stemmelokalet er på Bedehuset, og kommunen har lært av siste kommunestyreval, då det vart fleire som ikkje fekk stemme på grunn av køar.

– Vi har fleire valavlukker, og fleire stader du kan stemme enn ved siste lokalval, seier Inger Johanne Løeng.

Ei av dei som stemte var Caroline Rudi. Ho bur i Hovdebygda, mellom Ørsta og Volda. Men kommunesamanslåing vil ho ikkje ha.

– Eg er redd kva som skjer med dei små bygdene, dersom det vert samanslåing, seier ho.

– Kva trur du blir resultatet?

– Det er vanskeleg å seie ,men mange eg snakkar med er negative til samanslåing, seier Caroline Rudi.

Nei-vind

Basert på dei få stikkprøvene Sunnmørsposten tok, bles det ein nei-vind i Ørsta. Ekteparet Petter Sverre og Celine Korsedal fryktar dårlegare kommunale tenester med ein større kommune.

– Difor stemte vi nei, men det var ein vanskeleg val, seier dei to.

Ragnhild Garshol støttar kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda. Foto: Svein Aam

Ragnhild Garshol var ikkje i tvil. Ho stemmer ja.

– Eg har alltid sett Ørsta og Volda som ein og same plass, og det er naturleg å tenkje seg ein felles kommune. Eg trur vi står sterkare som ei felles eining.

–  Men går det likevel mot nei?

– Eg håper og trur på ja. Og eg håper ikkje minst at dei unge tenkjer i retning samarbeid.

Stemmelokala i Ørsta sentrum er ope til 21.00. Lokala i Hovden krins, Dalane krins, Vartdal krins og Sæbø krins stengjer klokka 20.00, medan Bjørke stengjer 18.00.

Veljarane skal svare ja eller nei til samanslåing med Volda.