Frp-ordførar Knut Erik Engh i Ulstein hadde håpt på ein oppslutnad på meir enn 50 prosent i torsdagens folkerøysting om kommunereforma.

Det slo ikkje til - og berre 37,1 prosent møtte opp for å seie si meining.

– Det er forferdelig dårleg, seier Engh som ikkje legg skjul på at han er skuffa.

– Ja, og eg trur det er to årsaker til det. Det eine er resultata av folkerøystingane på Nordmøre og i Romsdal, som viste at det ikkje er noko stor oppslutnad i folket om reforma. Botnen falt litt ut av prosessen, trur Engh.

Debatten har dreia

Lokalt i dei to kommunane på Hareidlandet, har debatten meir og meir dreia seg om det manglande alternativet for Ulstein og Hareid.

– Eg har merka at debatten har dreia frå å vere positiv til Runde kommune, men at det har vorte meir og meir fokus på Hareid og Ulstein. Samstundes har folk sagt at det ikkje er vits å stemme på Runde, så lenge Herøy ikkje vil vere med, seier Engh.

Kommentar: Havari for Runde (krever abonnement)

Klart Ulstein-ja til Runde i spørreundersøking

Mellom torsdagens folkerøystingar er Ulstein-ordføraren mest overraska over det tydelege nei-resultatet i sin eigen kommune.

Samstundes er han overraska over det klare ja-fleirtalet for Runde kommune, som vanylvingane gav for nokre veker sidan.

Røysta imot Marit og Per Moldskred var mellom dei som stemte for at Ulstein skulle halde fram som eigen kommune. Foto: Hild Nordal

Frå vallokalet: – Ventar på unge røyster

Kva no?

Engh gjekk sjølv ut og sa at han ville tolke blanke stemmer som ei stemme for at Ulstein og Hareid burde snakke saman på nytt. Men berre knappe ti prosent av dei som deltok, leverte blank stemme. Heller ikkje veit ikkje-kategorien var meir enn nokre få prosent.

– Kva gjer du no? Skal du over Eidet og snakke med Anders Riise i Hareid om ei samanslåing?

– Eg vil vente med å konkludere til formannskapet har møtast fredag, men også det alternativet verkar å ha ganske liten oppslutnad, seier ordføraren.

Uansett er det kommunestyret som skal ta endeleg stilling til korleis dei skal tolke resultatet.