– Det er eit veldig tydelig og klart råd. Saman med ei valdeltaking på over 53 prosent, så gir det eit godt grunnlag for ei endeleg avgjerd i kommunestyret den 22. juni, seier Jim-Arve Røssevoll (Ap). Men først etter at Stortinget har sagt sitt, våren 2017, veit han om folket si vilje vert ståande. Før det skal nemleg også fylkesmannen, departement og regjering kome med sine råd om kommunesamanslåingar landet rundt. – Denne folkerøystinga og resultatet av den er for oss eit lite punktum, og slutten på ein lang veg med mykje møter og arbeid.– Eg forventar at både fylkesmann, regjering og storting respekterar denne avgjerdsla. Om dei ikkje det gjer, og dei likevel vil tvinge oss til samanslåing med Ålesund og andre kommunar, så har dette vore eit spill for galleriet. Det vil vere frykteleg skuffande, seier Røssevoll. Heile 88,9 prosent av røystene i Sula gjekk til  fortsatt eigen kommune. 10,2 prosent vil bli ein del av regionkommunen Ålesund. 0,9 prosent stemde veit ikkje/blank røyst.3.617 røyster vart godkjende, ei deltaking på 53,1 prosent - knapt under siste lokalval.Og om ikkje sjampanjen vert spretta i kveld, så ser ordføraren like fullt all grunn til å feire. – Det blir vel kanskje med eit lite glas raudvin, det då.