Hareid-ordførar Anders Riise (H) hadde sjølv håpt på fleirtal for Regionkommune Ålesund, men dette synet delte ikkje fleirtalet av innbyggjarane i kommunen. Og når heller ikkje folket i Sula eller Giske går for Ålesund-alternativet, er dette alternativet torpedert for Hareid sin del.

– Eg tippar kommunestyret i Hareid vil respektere resultatet i folkerøystinga, fordi det er så klart for Hareid som eigen kommune, seier Riise.

Solid fleirtal for Hareid som no

72,6 prosent av dei som stemde i Hareid stemde for Hareid som no. 10,9 prosent vil ha Regionkommune Ålesund, medan 14,8 går for Runde kommune og 1,6 prosent stemde blankt.

Varaordførar Kristian Fuglseth, som representerer Folkelista i Hareid, er godt nøgd med resultatet. Han har lenge meint at Hareid klarer seg godt åleine.

– Dette er eit svar frå folk. Dei trur ikkje at større er betre, at lokaldemokrati blir betre om ein slår seg saman i ein stor kommune. Det ville bli sentralisering og dette ser folk, seier Fuglseth og han legg til:

– Høgre, Frp og Venstre har eit grasrotproblem. Dei er byparti.

Finn alle artiklane om kommunereformen i Livestudio

Klart signal

Truls Røyseth Håbakk (Frp) meiner sjølv at Runde kommune var beste alternativet, men innser at slaget er tapt.

– Eg er skuffa over valdeltakinga, men det er så tydeleg fleirtal for Hareid som eigen kommune, at vi må følgje resultatet av folkerøystinga. Det er eit rimeleg klart signal, meiner Håbakk.

Rundt 42 prosent av innbyggjarane i Hareid nytta stemmeretten ved folkerøystinga. Det er mindre enn politikarane hadde håpa på, men betre enn frykta.

– Eg hadde håpa på valdeltaking over 50 prosent, sidan det har vore stort engasjement og motkrefter i sving, seier Riise.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Behov for regionrådet

Sjølv meiner Riise Ålesund-alternativet var det einaste reelle alternativet som svarte på det Stortinget har bede om.

– Det hadde vore ein unik sjanse til å setje Nordvestlandet på kartet, men eg er ikkje kjempeskuffa. Eg er Hareid-patriot, seier Riise.

Han er også leiar i Sunnmøre regionråd, men vil ikkje meine så mykje i den rolla.

– Men eg kan seie at no er det i alle fall framleis behov for regionrådet. Samarbeidet i regionen blir svært viktig vidare, seier Riise.

Både ordførar og varaordførar trekkjer fram at dei i reformprosessen har blitt godt kjende med kommunane rundt. Og dei meiner begge at ein må kome raskt i gang med endå meir samarbeid.

Ber regjeringa ta signala

Fuglseth meiner også at regjeringa no må ta signala frå dei mange folkerøystingane rundt om i landet:

– Dei vil måtte sjå på dette igjen. Folk har sagt at folkestyret greier å takle jobben og at ein må oppretthalde tilbod med sterkt folkestyre og sjølvråderett, seier Fuglseth.

Runa Mork Røyset (17) meiner som fleirtalet i Hareid at dei fint kan klare seg som eigen kommune. Kjærasten Ulrich Kurseth (21) er innflyttar og stemde for Regionkommune Ålesund i folkerøystinga. Foto: Anne-Mari Tomasgard