Det seier ordførar Arnulf Goksøyr (H) at han er heilt sikker på, etter at veljarane har sagt sitt. Om lag 62 prosent av dei svarte nemleg at dei vil at Herøy skal halde fram som eigen kommune. Og det får dei.

–  Dette er ein klar beskjed til oss politikarar. No vert det berre plankekøyring i kommunestyret, seier Goksøyr.

– Så Stortinget kjem ikkje til å bruke tvang for slå Herøy saman med andre kommunar?– Nei, det trur eg ikkje at dei gjer. Herøy er med sine  om lag 9.000 innbyggarar store nok til å stå åleine og klare seg sjølv. Og dersom dei ville ha brukt tvang, så burde dei iallfall ikkje ha spurd oss på førehand. Difor er eg no heilt sikker på at vi får halde fram som før.

Sjølv om det er Høgre-statsråd Jan Tore Sanner som har ivra mest for kommunesamanslåing, så har Arnulf Goksøyr ikkje følt noko partipisk.

– Eg røysta sjølv for at Herøy skal halde fram som eigen kommune. Vi flyt godt på eigen kjøl, for å bruke ein maritimt uttrykk, seier Goksøyr.

Berre 38 prosent av dei røysteføre i Herøy møtte fram til vallokala torsdag. Ordføraren skulle gjerne ha sett at det var fleire som kom, men meiner likevel det var betre med ei folkerøysting  med 2560 som deltok, enn å ringje opp 300 i  ei spørjeundersøking.

– Er du overraska over det store nei-fleirtalet til samanslåing her i Herøy?

– Nei, det var som venta. Dei aller fleste eg har snakka med, anten det har vore på gata eller i butikken, har gjeve uttrykk for at dei var imot samanslåing. Dei har mellom anna vore usikre på kva ei samanslåing ville ha å seie for den framtidige utviklinga her.

Arnulf Goksøyr vedgår at det er tøffe tider for næringslivet i kommunen no, men seier at det korkje er slutt på oljen eller på fisken. Og at folket som bur her ute ved kysten i mange år har vore ekstremt flinke på omstilling og modernisering. Det kjem dei framleis til å vere.

– Og så slepp vi no å skifte ut HØ på båtane våre, smiler Herøy-ordføraren.