MF Volda er på årleg sertifisering i sambandet Sykkylven-Magerholm. Den gamle reserveferja «Stryn» frå 1979 går litt seinare, derfor er reservekaia på Magerholm tatt i bruk.

– Ved å bruke B-leiet slepp ferja å gå i sving, og kan gå rett opp i fart med ein gong, fortel operativ leiar Torbjørn Vik i Fjord1. Kaptein Trond Tafjord om bord trur ferja sparer eit par minutt på dette.

Samtidig er kapasiteten redusert frå 100 til 81 personbilar.

– Første og andre dagen gjekk det litt seinare, men etter det trur eg ikkje at nokon har stått over ferjeavgangar, seier kaptein Trond Tafjord til smp.no.

I løpet av fredag 27. mai reknar Vik med at den vanlege ferja MF Volda er tilbake.

MF Stryn kjem tilbake

Men truleg er det ikkje siste gong at MF Stryn går som reserveferje her. Fram til årsskiftet gjekk den fast i indre Sogn, på strekninga Mannheller-Fodnes. No er den gamle ferja fast reserveferje i Møre og Romsdal.

– Det er første gong «Stryn» går i reserve på dette sambandet. Vi vil vinne erfaring for seinare, når «Norangsfjord» skal til sertifisering til hausten. «Stryn» kan kome inn då også, seier operativ leiar Vik.

Hareid-Sulesund

Også på sambandet Sulesund-Hareid er det redusert kapasitet, med berre to ferjer medan MF Ullensvang med plass til 120 bilar er på årleg sertifisering. Det har gitt større konsekvensar. Bilistar har tipsa smp.no om lange køar og mange attståande bilar.

– Vi reknar med at «Ullensvang» er tilbake onsdag 1. juni, seier regionssjef Inge André Utåker i Norled.