– Eg rådde til at arbeidet vart stansa inntil ein har fått dei avklaringane ein ventar på frå Vegdirektoratet. Og det er berre økonomiske årsaker til framlegget, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Men eit samla fylkesutval er ikkje redd for unødige utgifter, og vil halde trykket oppe.

Og det gjorde dei utan at det vart debatt om saka.

– Det er avgjerande for framdrifta i denne saka at vi ikkje stoppar opp no, seier Frank Sve (Frp) til Sunnmørsposten etter møtet, måndag.

Det som skal vurderast på nytt er kurvaturendringar, endra stigningsgrader – og ein ny og justert sikkerheitsrapport. Deretter blir det eit nytt møte med direktoratet, og eit nytt kostnadsoverslag.