I følgje den offentlege søkjarlista til stillinga som ny rektor ved Måløy videaregående skule dukkar namnet til ein 17-årig elev ved skulen opp:

- Eg er ferdig til sommaren, så da er eg jo heilt ledig til å ta jobben, seier Endre Stendal fra Gulen til lokalavisa Fjordenes Tidende.

Det starta som ein spøk, men viss han hadde blitt tilbudt stillinga ville han tatt ho.

- Som rektor ville eg prøvd å gjere det ungdom vil, men sjølvsagt haldt meg innanfor reglane. Eg ville høyrt på dei unge og kva dei meinar, seier han.

Han har ikkje vore inne til jobbintervju enno.

Av dei fire andre søkjarane til rektorstillinga er tre pedagogisk ansatte ved skulen i dag.

Ein røktar vil og bli rektor.

Og alle blir målt opp mot 17-åringen Endre.