Eid og Gloppen har folkerøysting om samanslåing 30. mai. For Eid er Gloppen førstevalet.

– Men om det skulle kome eit nei i folkerøystinga, så vil vi snakke med alle våre naboar. Då er Volda eit interessant alternativ for Eid, seier Bjørlo til avisa.

Nærare med bru

Han trekkjer fram at Volda og Eid vil kome mykje nærare kvarandre med bru over Voldsfjorden.

Avstanden mellom Eid og Volda blir då kortare enn mellom Eid og Stryn.

Eid har signert avtale med Gloppen, med Sandane som kommunesenter.

Sjukehus-respekt

Formannskapet i Volda besøker Eid og Nordfjord sjukehus 7. juni. Bjørlo meiner ein kan samarbeide om helsetilbod og spele på styrkane til kvarandre.

Avisa stiller spørmål om motsetnadene mellom sjukehusa i nettopp Eid og Volda, men her trur Bjørlo det går an å samarbeide. Han har merka seg Stryn-ordførar Sven Flo sine uttaler om at kommunesamanslåing må handle om meir enn sikring av sjukehus.

- Det er heilt klart viktig, men ein må samtidig sjå på utviklingsmoglegheitene for heile regionen, seier Bjørlo som understrekar at ein må respektere kvarandre og ikkje berre vere ute etter å legge større pasientgrunnlag under seg.

Frå før har Eid sine nabokommunar i aust, Hornindal og Stryn, forhandla fram intensjonsavtale med Volda.