Sunnmøringen varsla Luftfartstilsynet fordi han var uroleg for den psykiske helsa til ein flygar frå Austlandet.

Flygaren på si side meinte han var ærekrenka og saksøkte sunnmøringen. No har Søre Sunnmøre tingrett frifunne sunnmøringen for skuldingane.

Uroleg for lufttryggleiken

Saka har bakgrunn i eit konfliktfylt samlivsbrot, mellom flygaren og ei kvinne. Kvinna sin nære slektning på Sunnmøre var løpande orientert om det konfliktfylte forholdet.

Mannen blei etter kvart uroleg for den psykiske helsa til mannen, i forhold til at han var flygar.

I retten forklarte han at han følte det var rett å kontakte Luftfartstilsynet med uromelding. Han var uroleg både for kvinna sin tryggleik og for luftfartstryggleiken.

Høg terskel for ansvar

I dommen skriv retten at det må vere mogleg å gi uromelding til rett instans, utan å bli halden ansvarleg for ærekrenking, sjølv om det i etterkant viser seg ikkje å vere hald i meldinga.

Av omsyn til ordningar som er avhengig av tilbakemeldingar frå samfunnet, må det vere høg terskel for at den som melder skal bli halden ansvarleg i ettertid.

Retten meiner det er sannsynleg at sunnmøringen handla i god tru. Han var uroleg for helsetilstanden til flygaren, som hadde ein ansvarsfull jobb. Retten meiner situasjonen i forhold til kvinna kom i andre rekke.

Uromeldinga var etter retten sitt syn sett fram på eit forsvarleg, faktisk grunnlag, og mannen har ikkje handla aktlaust.

Ikkje grunn for hastetiltak

Sjeflegen i Luftfartstilsynet forklarte i retten at han vurderte meldinga som "såpass mild" at han ikkje fann grunnlag for å varsle vidare eller gjere hastetiltak. Saka blei derimot registrert i systemet, slik at det blei følgt opp ved neste rutinekontroll.

Han forklarte at tilsynet jamleg får uromeldingar, og at desse blir styrt inn til dei ansvarlege seksjonar. Han anslo at det årleg kjem i underkant av eit dusin meldingar direkte til flymedisinsk seksjon.

Konflikt om kattar

Sentralt i konflikten mellom eks-sambuarane stod to kattar som mannen og kvinna eigde saman. Retten tek ikkje stilling til kven som hadde rett i forhold til dei to kattane, men peikar på at det ikkje er tvil om at krangelen om kattane blei eit sårbart tema.

Retten tvilar ikkje på at kvinna opplevde kontakten med eks-sambuaren som skremmande og til tider trugande.

Må betale sakskostnader

Saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett i april i år.

Flygaren kravde erstatning frå sunnmøringen, avgrensa opp til 130.000 kroner. Han ville også ha dekt eigne sakskostnader.

Men sunnmøringen har vunne saka, og det er difor flygaren som må betale sakskostnadene hans. Dei er på 216.700 kroner, ifølgje dommen.