Snart kan ein trykke på ein knapp, lene seg tilbake og slappe av medan ein let ein datamaskin gjere jobben med bilkøyringa. Eller kvifor skal ein i det heile ha bil, når ein kan ringe og bestille pizza, eller sko, og ein robotbil leverer heim til deg på 30 minutt?

- Vi vil sjå store endringar i åra framover. Robotiseringa vil påverke måten vi lever på, og det vil endre byane våre, seier Brad Templeton som er direktør ved Singularity University og ekspert på futuristiske mobilitetsløysingar.

SAMLESIDE: Alt om InnoTown

Datamaskinen blir viktigast

I foredraget sitt på InnoTown viste han bilde og filmsnuttar frå det som han er overtydd blir framtida. Bilar som køyrer sjølv, styrt av avansert datateknologi.

- Motoren vil ikkje bli det viktigaste ved bilen lenger. Datamaskinen blir det viktigaste, meiner han.

Vil spare liv

Templeton meiner betre traffikktryggleik blir ein stor fordel med førarlause bilar.

- Slike bilar vil spare liv. I dag blir 1,2 millionar menneske drept i trafikken kvart år. Dette kostar samfunnet mykje, og med robotbilar blir det tryggare, seier Templeton og legg til at ein også vil spare energi med overgang til robotbilar.

Han viste film av ein liten robotbil som leverte pizza på døra. Slike bilar er bittesmå og krev ikkje mykje parkeringsplass. Det kan dermed bli rikeleg av parkeringsplassar i åra framover.

Endrar radiovanar

Fleire institusjonar og bedrifter som er sentrale i samfunnet i dag, vil merke endringane ved overgang til robotbilar. Handelsnæringa og dei som jobbar med forsikring er blant dei som vil merke endringar. Og for dei som jobbar med radio, vil det etter Templeton sitt syn bli store endringar:

- Radioen eksisterer fordi du må sjå på vegen når du køyrer bil, hevdar han.

Når robotbilar kan køyre heim til deg, i staden for at du køyrer ein stad for å handle, treng du kanskje heller ikkje ein bil. Dette igjen vil også påverke korleis folk brukar pengar.

Trur på suksess

Fleire aktørar jobbar no med å utvikle løysingar for førarlause bilar, og ein vil snart sjå fleire nye pilotprosjekt på dette området.

- Dei vil ha suksess, og dei vil endre verda, er spådomen frå Templeton.

Templeton har ifølgje InnoTown vore konsulent på Google teams design av førarlaus bil.