Amerikanske Martin Ford er leiande ekspert på robotrevolusjonen, kunstig intelligens og effekten av aksellererande teknologi.

Under InnoTown på Giske onsdag delte han tankar om det som skjer når robotar og maskiner tek over jobbar som menneske tidlegare har gjort.

– Vi kan ikkje stoppe robotiseringa, men vi må forstå kva som skjer og tilpasse oss. Då er robotar ein god ting, seier Ford til smp.no.

SAMLESIDE: Alt om InnoTown

Folk må ha inntekt

Ford, som har skrive fleire bøker om emnet, åtvarar mot at robotisering kan øydelegge økonomien.

– Eg er ikkje mot robotar, men om ein ikkje tilpassar seg robotiseringa, kan det bli dårleg for samfunnet, seier han.

Robotar kan ta over mange jobbar, og Ford ser fordelen med dette, men berre så lenge folk også har inntekt.

Han trur robotar vil ta over stadig fleire jobbar dei komande ti til 20 åra.

– Kva som skjer om 50 år, veit vi ikkje. Om vi får robotar som tenkjer som menneske, veit vi ikkje kva som skjer, seier Ford.

Robotstøvsugar

Sunnmørsposten har tidlegare skrive at Giske kommune vil kjøpe inn robotstøvsugarar og spare årsverk i heimetenesta.

– Kva synest du om dette?

– Vaskerobotar er ein god ting. Mange land, som Japan, har utfordringar med eldrebølgje og då er slike ting positivt, meiner Ford.

Han trekkjer også fram fleire andre fordeler med robotar. Dei jobbar raskt, blir aldri trøytte og skadar seg ikkje.

Aukande tempo

Ford har studert korleis det stadig aukande tempoet i ny teknologi på godt og vondt vil endre økonomien, jobbmarknaden, utdanningssystemet og samfunnet generelt.

Han har over 25 års erfaring i computerdesign og utvikling av programvare. Han er grunnlegger av eit Silicon Valley-basert selskapt for utvikling av programvare og forfattar av to av New York Times sine bestseljande bøker.