Det likna på kaos då Volda kommunestyret skulle stake ut vegen vidare i arbeidet med kommunereforma.

– Det meste som har vore sagt her i dag kan summerast opp i eitt ord: Lapskaus, sa kommunestyrerepresentant Anders Egil Straume (KrF) i ein debatt som var prega av rådville politikarar.

– Folk har sagt til meg at dei stemte nei til Ørsta fordi dei stemte ja til Hornindal og Stryn, sa Erlend Krumsvik.(KrF).

I det sivile liv arbeider han for Sunnmøre regionråd, og han har vore tett på samanslåingsprosessen i Ålesund og omland.

– Men her er eg politikar, presiserte han i kommunestyret.

Krumsvik meiner voldingane har stemt taktisk, og at andre forhold enn kommunereforma har blitt avgjerande

– Det gjer at eg trekkjer verdien av folkeavstemminga i tvil, seier Krumsvik til Sunnmørsposten.

Mellom kommunstyrepoltikarane i Volda har det vore brei semje om samanslåing med Ørsta. Difor var folkeavstemminga litt av ein tankevekkjar. Arild Iversen (KrF),  tidlegare ordførar i Volda, var det som klarast uttrykte frustrasjonen.

– Det kan vere at samanslåing Volda-Ørsta er parkert for mange år framover, og det er sterkt beklageleg. Og når det gjeld alternativet med Hornindal og Stryn blir eg sterkt forvirra etter å ha høyrt på debatten her i dag, sa Iversen.

I kommunestyret vart også Eid og Vanylven kasta fram som potensielle partnarar.

– Det er ein uoversiktleg situasjon. Vi må gjerne samarbeide meir, men når det gjeld samanslåing må vi ikkje gå for fort fram, sa Arild Iversen.

Kommunestyret vedtok formelt intesnjonsavtlen med Hornindal og Stryn, men utan debatt om innhaldet. Samstundes skal det gjennomførast innbyggarundersøkjing. Det vart også vedtatt å søkje fylkesmannen om utsett frist til å bli ferdig med kommunereformarbeidet.

Framstegspartiet var kritisk.

– Eg kan ikkje røyste for ein intensjonsavtale med Hornindal og Stryn sidan den aldri har blitt politisk debattert i Volda kommunestyre, sa Odd A. Folkestad.