Ikkje før klokka nærma seg 22 torsdag kveld var kommunestyremøtet i Haram ferdig. Og det store spørsmålet om kostnaden av det planlagde rådhuset var plassert sist på sakslista.

Bakgrunn: Rådhusstrid i Haram

Bakgrunn: Nytt rådhus til 100 mill. kronar

Etter ein lang debatt enda kommunestyret, med 15 mot ni røyster, å vedta rådmannen sitt forslag:

  • Kommunestyret vedtek å auke den økonomiske ramma for nytt tenestehus i samsvar med tilbodet frå vinnaren av tilbodskonkurransen.

  • Det vert inngått intensjonsavtale med vinnaren av tilbodskonkurransen som grunnlag for dialogfase for å optimalisere prosjektet.

  • Endeleg kontrakt med utleigar skal leggast fram for formannskapet til godkjenning før signering.

Det vart også lagt fram eit tilleggsforslag frå ordførar Vebjørn Krogsæter:

I forhandlingane om detaljutforminga av nytt tenestehus, skal det forsøkast å få til ei løysing der biblioteket sine ønsker vert tatt omsyn til.

Dette vart samrøystes vedtatt.

Les fleire nyheiter frå Nordre her