– Vi kallar det teknologisskulen, seier lærar Sveinar Kleive, som er lærar i valfaget «teknologi og praksis» ved Ulstein ungdomsskule.

Han spring fram og tilbake i klasserommet for å hjelpe elevar med å lage kvar sine solcelleanlegg. Elevane designar anlegga på data, og produserer dei fleste fysiske komponentane med å bruke 3D-teknologi. Dessutan står dei for programmeringa av anlegget, som skal bevege seg etter sola. Sjølve solcellene kjem frå ein lokal samarbeidspartnar: Selskapet Klar Energi.

Valfaget «teknologi og praksis» er berre eitt av fleire tilbod innanfor fagområdet ny teknologi. Alle klassetrinn i grunnskulen har hatt prosjektarbeid som er relatert til læring av teknologi og datafag, slik som «leik med teknologi», «koding», «robotar» og «oppfinningar og teknologi».

– Det vi gjer har blitt lagt merke til av mange, og mellom anna har Google sagt at dei vil bidra, seier Sveinar Kleive.I haust innfører ungdomsskulen nytt valfag i programmering, og får som den einaste skulen i Møre og Romsdal støtte frå Utdanningsdirektoratet i tre år. Ein av dei som skal ta dette valfaget er Eirik Ambjørnsen.

– Eg driv ein del programmering på fritida, med å prøve å lage spel. Så det blir spennande å lære meir på skulen, seier Eirik Ambjørnsen.Han siktar høgt. Han vil nemleg bli sivilingeniør ved NTNU.

– Det er veldig bra at vi får meir teknologifag inn i skulen, seier han.

Lærar Sveinar Kleive kallar det nye valfaget i programmering ein viktig brikke i satsinga på teknologiskulen.

– Dette er kunnskap som industrien rundt oss etterlyser. Samstundes er denne typen teknologi er på veg inn over alt i samfunnet, til dømes i helsevesenet, med auka bruk av robotar.Kleive meiner Ulstein ungdomsskule ligg i forkant av utviklinga.

– Dette er noko som vil kome inn i nye læreplanar, og vil gjerne vere med på å dele våre erfaringar med andre skular, seier Sveinar Kleive.

<strong>Læring:</strong> Sveinar Kleive ved Ulstein Ungdomsskule er pådrivar for meir teknologifag i grunnskulen.