Med om lag 200 medlemmer er Herøy kajakklubb ein av dei største klubbane mellom Bergen og Trondheim. Så har då også Herøy litt av eit område å by på for dei som likar å padle mellom holmar og skjær i havgapet.

– Vi har medlemmer frå heile Sunnmøre, og stadig fleire kjem til. Det er veldig stor interesse, og stort trykk på kursa våre, fortel Morten Lillenes, leiar i Herøy Kajakklubb.

Les også: Ta din åre fatt

Nye lokale

Torsdag markerte klubben opninga av nytt lokale i eit av nausta på Jensholmen, like ved Herøybrua, og midt i sjærgarden på ytre søre Sunnmøre.

– Vi har halde til i Kvalsund tidlegare. No har vi fått ein plass som er meir sentral i forhold til der medlemmene bur, og lettare å kome til for unge som reiser med offentlege kommunikasjonsmiddel. Her er og lettare å sette ut kajakken. Dykkarklubben held også til her, så dermed er her eit miljø for dei som likar aktivitetar knytt til sjøen, fortel Lillenes.

Søndag er det kajakkens dag. Då skal Herøy Kajakklubb ha stand på Moltustranda Mosjonsfestiva.

– Kajakkens dag er ei eit tiltak i regi Norsk padleforbund, og i år har vi valt å legge det til Mosjonsfestivalen på Moltustrande. Her vil vi presentere oss, og det vert høve til å prøve seg for nybyrjarar, med assistanse frå klubben sine medlemmer, seier Morten Lillenes.

Funksjonshemma

Ei av dei som har blitt heilfrelst padlar er Eileen Reinås, som bur i Stokksund.

– Når eg padlar føler eg meg heilt fri, seier Eileen Reinås, som er bevegelseshemma, og avhengig av rullestol.

Ho meiner padling er ein ideell aktivitet for handikappa.

– I ein kajakk slepp eg å ha med meg hjelpemiddel. Og klubben sine folk er flinke til å stille opp når eg treng hjelp til å kome meg i kajakken. Padling er også veldig god trening for kjernemuskulaturen. Og med dei nye klubblokala er det lettare tilkomst for rullestolbrukarar, seier Eileen Reinås.

Les også: Ta din åre fatt

<strong>Nye lokale:</strong> Dei nya lokala i naustet på Jensholmen vart offisielt opna torsdag. Foto: Svein Aam