«Kvisleis er investeringa si internrente samanlikna med alternativ kost?»

Slik stod det i oppgåveteksten då ingeniørstudent Ingeborg Steine hadde eksamen i statistikk og økonomi ved NTNU Gjøvik 26. mai.

Mange stussar på den høgst uvanlege nynorsken, skriv Universitetsavisa.

«Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp tå ny» stod det også i eksamensteksten.

Studiedirektør Gunn Marie Rognstad ved NTNU Gjøvik beklagar:

– Dette er ikkje godt nok og vi beklagar noko frykteleg, seier ho til Khrono.no, ei nettavis eigd av Høyskolen i Oslo og Akershus.

For den som lurer, «kvisleis» er ikkje eit ord i nynorskordlista.

Rognstad forsikrar at skulen har god kompetanse i nynorsk, og at skulen skal følgje opp fadesen.

Fleip?

– Finst det andre mulegheiter enn at dette starta som ein fleip som ikkje vart stoppa i tide?

– Det tør eg ikkje seie. Det som er sikkert er at eksamen er viktig for studentane og det skal vi ta på høgste alvor, seier Rognstad til smp.no.

– Uansett er dette respektlaust overfor studentane, seier ho.