I brudekjole og fjellsko, med brudebuketten i handa, la bruda i veg til toppen av Hasundhornet sist fredag.

Brudgommen stilte i dress på fjellturen.

Også gjestene hadde finstasen på.

– Vi var trygge på at dette ville bli bra, og var ikkje budde på dårleg vêr. Det er utruleg at vi kunne bli så heldige. Alt var bra, fortel Hanne Nordahl Gjerde.

BRYLLUP Brudeparet Hanne Nordahl Gjerde og Christian Garshol Rydland, på veg til sitt eige bryllaup på Hasundhornet. Her saman med brura sin forlovar, Silje Johansen Gjerde (t.v.). Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Magisk

I nydeleg, vindstille og varmt vêr kom gjestene seg til toppen.

Der var det lagt opp til ein enkel seremoni.

Dei hadde tilbod om å ta med litt utstyr, frå Ulstein gamle kyrkjestad, men ville ha det enkelt.

– Det var berre oss og naturen, fortel Hanne.

Ho fortel om ein fantastisk dag og ei flott oppleving:

– Det var magisk. Ei ut-av-deg-sjølv-oppleving, seier ho.

Christian sine døtrer, Tuva og Lilly, overraska med vakker song.

Det same gjorde Hanne si venninne.

Fridde Christian fridde til Hanne oppe på Hasundhornet, og her forlova dei seg på ein vanleg tysdag i fjor. Fredag blei dei via av sokneprest Margit Lovise Holte. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Bratt

Fjellvande folk bruker 25 minutt på toppen. Ungane som var med brukte tre kvarter.

– Utfordringa er at det er oppover heile vegen, men det er ein veldig flott tur, fortel Hanne.

Vel 20 personar var med under seremonien på fjelltoppen.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook!

Blant dei var brura si bestemor på 80 år, som stilte i bunad under vigsla.

Yngste gjesten var berre fem månader gammal.

Hanne er sjølv oppvaksen på Larsnes, medan Christian er frå Gardshol, rett under Hasundhornet.

Paret bur i dag i Ulsteinvik og ser opp til Hasundhornet frå der dei bur.

På dette fjellet fridde Christian til Hanne og her forlova dei seg på ein vanleg tysdag i fjor.

– Eg såg ikkje føre seg at vi skulle ha kyrkjebryllaup. Plutseleg slo deg meg at vi kunne gifte oss på Hasundhornet. Då ville ringen vere slutta, sidan det også var der vi starta forholdet vårt, fortel ho.

Og brudgom Christian legg til:

– Vi er veldig takknemlege for velviljen til Ulstein kyrkje og for entusiasmen til Margit Lovise Holte. Vigsla vart vellykka takka vere dei, seier han.

Gjester Gjester i alderen fem månader til over 80 år var med under seremonien i naturkatedralen, med vidt utsyn. Nokre gjekk i finstasen til fjells, medan andre bytte om på toppen. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Sa ja

Sokneprest Margit Lovise Holte fortel at det er strenge retningslinjer for vigsler utanfor dei faste kyrkjene.

Men ein ser no at biskopane begynner å mjuke opp og tillèt utevigsler der ein har friluftsgudstenester.

– Eg er glad for at biskopen sa ja til denne vigsla. Og det er jobben min å vere kyrkje for folk og medlemene våre, seier Holte som synest det er kjekt å bidra til at folk får den seremonien dei ønskjer.

Forstår ønsket

Nokre ønskjer å gifte seg i friluft, medan andre vil gå opp golvet i kyrkja med orgelbrus.

– Det kan vere vel så vakkert i Guds frie natur, og eg er glad for at vi kan tilby dette, seier Holte og legg til:

– Eg er glad i fjellet sjølv og forstår godt at folk ønskjer dette, når det er så vakkert som her og ein kan oppleve at Gud er nær i naturen. For to år sidan blei det opna opp for utevigsler ved Ulstein gamle kyrkjestad, men det er første gong Holte har vigsla brudepar på ein fjelltopp.

– Det var spesielt å stå ute på ein fjellnabb. Då kjenner du at du lever, seier soknepresten og legg til at kvar vigsle er unik, og det er fint å kunne hjelpe par til å finne den seremonien og den forma dei ønskjer:

– Å få stå så nær to stykke som seier ja til kvarandre, er like spesielt kvar gong, anten det er på ein fjelltopp eller i ei av dei vakre kyrkjene våre.Kyrkja ønskjer at folk skal gifte seg, og har plass til fleire.

– Vi ønskjer folk velkomne og vil vere med og finne ein seremoni som er god for dei. I ei utevigsle følgjer vi same liturgien, men rammene blir annleis enn i ei kyrkje, seier Holte.