I følgje avisa krev Volda kommunestyre at det skal gjennomførast ei folkerøysting før det blir aktuelt med å slå kommuna saman med Hornindal.

Formannskapet hadde på førehand tilrådd eit vedtak om samanslåing med Hornindal. Kommunestyrefleirtalet ville det annleis, og bad om folkerøysting. Fristen for å gjere vedtak om kommunesamanslåing er 1. juli, og ei folkerøysting kan ikkje bli gjennomført før i august eller september, skriv Fjordingen.

Dette kan bety at Hornindal går mot Stryn.

- Eg hadde ikkje venta eit slikt vedtak og er skuffa, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam til avisa.