– Eg veit om folk som har kjempa for tryggare veg her ute i 30 år. Det at det no endeleg ser ut til å skje noko når det gjeld vegane frå skulen og ut og over Giskebrua er strålande, men på sikt er det eit ønskje om trygg veg rundt heile øya, seier Sissel Arhaug Basso og Monika Vartdal Giske.

Medan Basso for eit par å sidan samla inn fleire hundre underskrifter nettopp for trygg veg, er Monika Vartdal Giske leiar for Giske nærmiljøutval, som også har hatt trafikktrygging som eit av satsingsfelta sine.

Vil ha fortau fleire stader

Tysdag vedtok Giske kommune ved Komité for miljø og tekniske saker å legge reguleringsplanen for ny Skuleveg (vegen til skulen på Giske heiter faktisk Skulevegen, journ. merk.) ut på høyring.

– Og både i det alternativet til løysing for Skulevegen som vi no sit att med - alternativ 2b, så vel som det komitéen valde å ta ut, er det tatt omsyn til gåande og syklande, seier teknisk sjef Olav Megrund.

Av planen og dokumenta knytt til denne går det fram at ein ser føre seg å legge inn fortau langs Gjerdevegen og gangveg/fortau langs fylkesveg 658. Alternativ 2b for Skulevegen vil vidare innebere ny veg der eksisterande veg blir kombinert tilkomstveg og gang- og sykkelveg.

Ventar med å juble

Men sjølv om det med framlegget til reguleringsplan må kunne seiast å vere håp om tryggare veg, ventar duoen Basso og Giske med å sleppe jubelen laus.

– Har Giske kommune pengar til veg no? Førre reguleringsplan gjekk ut på dato før ting vart sett ut i livet, blir det påpeika.

Kravet frå nærmiljøutvalet er at det ikkje kjem fleire bustadfelt på øya før infrastrukturen er på plass. Og så er spørsmålet: Er det pengar? Kva tid kan endringane i reguleringsplanen bli sett ut i livet?

– Det er det opp til politikarane å bestemme, og eg for min del må berre seie at eg ikkje har noko aning. Det er sett av midlar til å kome i mål med planarbeidet og til grunnkjøp. Når det gjeld fylkeskommunen, som er eigar mellom anna av den eksisterande Skulevegen, er signalet at dei er positive, men at dei ikkje har pengar no, seier Megrund.

Det er ikkje sett av midlar til øya Giske i Investeringsprogram for fylkesvegar for perioden 2017-2023, men det er lagt opp til årleg rullering.