Ørsta-meieriet er berga, men samtidig er det klart at Tine legg ned i Hardanger, ifølgje ei pressemelding frå Tine.

Bedrifta har 43 årsverk fordelt på om lag 50 tilsette.

Ørsta mister brunost

Konsernstyret i Tine har onsdag handsama sak om framtidig meieristruktur. Styret har lagt rammene for framtidig produksjon av det dei kallar faste produkt.

Kremostproduksjonen blir samla i Ørsta og meieriet i Hardanger blir lagd ned.

Ny vurdering av meieriet på Voss blir gjort etter at Elnesvågen er ombygd. Dette betyr at Voss-meieriet blir drive vidare i fleire år, men ein må rekne med begrensa investering ved anlegget.

Skal spare 69 millionar kroner

Tine meiner dei med onsdagens vedtak vil redusere kostnader for 69 millioner kroner. Det handlar om å tilpasse industrikapasiteten og optimalisere produksjonen. Men alle endringane vil ikkje vere gjennomført før i 2020/2021, etter at Jarlsbergproduksjonen for eksport er avvikla.

- Med stadig aukande konkurranse, ikkje minst frå import, er det viktig at Tine driv ein mest mogleg effektiv industri.  Endring i innanlands etterspurnad og bortfall av eksportsubsidiar gjer at vi må tilpasse industrien vår. Samtidig ligg det også moglegheiter for å oppnå betre effektivitet, seier konserndirektør produksjon Per Ivar Berg.

Tryggleik for tilsette

Det skal no utarbeidast ein konkret gjennomføringsplan der omstilling for medarbeidarar som blir ramma, blir det aller viktigaste.

- Eg har stor forståing for at mange av våre medarbeidarar no vil føle uvisse i forhold til framtidig jobb, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik, og dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier konserndirektør produksjon Per Ivar Berg.

Ifølgje pressemeldinga går det også fram at Tine vil vere positiv til ny næringsverksemd i dei områda der dei trekkjer seg ut. Og dei er positive til samarbeid med lokale interessentar i desse områda.