– Vi arbeider med filmmanus no, og regnar med å vere ferdige i år. Så håper vi å få prosjektet finansiert, seier Pål Øie.

Han og Einar Loftesnes, begge kjend for filmen «Villmark 2», har fått 150.000 kroner i utviklingsstøtte frå Vestnorsk filmsenter til den planlagde fiksjonsfilmen om ein tunnelbrann.

Velkjend

Sjølv om dei færraste av oss har opplevd brann i ein tunnel, så trur Øie at dette er noko vi kan kjenne oss att i.

– Vi køyrer jo ofte gjennom desse tunnelane, og har dei nært inn på oss. Det har også skjedd tunnelbrannar, men heldigvis har det gått rimeleg bra. Men at dette er filmmateriale er heilt sikkert, seier strandaren Pål Øie.

Kinopublikum har alltid likt å bli skremd. På 70-talet opplevde vi kassasuksessar som «Inferno i flammar» og «Jordskjelv». På 90-talet kom det ei oppblomstring, med livsfarleg tornado i «Twister», asteroide på veg mot jorda i «Armageddon» og ny istid i «The day after tomorrow».

– Vi ønskjer å fokusere på korleis folk reagerer når dei kjem i ein situasjon, der det er brann i ein tunnel. Menneska blir sette på prøve, og det er det spanande å ta tak i, seier Øie.

– Har de funne tunnelen som det skal brenne i?

– Nei, vi har vore litt rundt og sett, men det er ikkje sikkert det blir ein konkret tunnel. Det treng ikkje å vere det. Og vi kjem også til å nytte oss av avanserte, tekniske filmløysingar.

– Kva med skodespelarar? Har du nokre namn?

– Førebels har vi ikkje tenkt særleg på det. Men det finst mange dyktige skodespelarar her i Norge.

På prøve

– Har du ingen problem med å lage underhaldning om noko så alvorleg som ein tunnelbrann?

– Kall det gjerne underhaldning. Vi ønsker å gje svar på korleis vi oppfører oss i ein slik dramatisk situasjon der vi blir sett på prøve, og vi trur det blir ein spanande film.

Øie legg til at dei har vore i kontakt med fagfolk, og frå dei har det ikkje kome noko negativt om filmplanane.

Han ser ikkje vekk ifrå at filmen vere med på å setje søkjelys på branntryggleik i tunnelane.

<strong>FILMSKAPAR:</strong> Pål Øie frå Stranda er etter kvart blitt ein røynd filmskapar i Norge, med filmar som «Villmark» og «Skjult» på cv-en. Foto: Berit Roald / SCANPIX