I dag skal Oddvar Myklebust (Ap) slå ordførarklubba i bordet etter at kommunestyret i Sandøy har vedteke å gå saman med Ålesund og Skodje i ein ny kommune.

– Mykje tyder på at det kan bli eit samrøystes vedtak også, seier ordføraren.

For liten

Nyleg sa eit stort fleirtal i formannskapet ja til Ålesund og Skodje. Vedtaket inneheld eit punkt om at Sandøy sekundært vel ein avtale med Haram, men det meiner Myklebust blir for smått.

– Vi har teke konsekvensen av bestillinga frå fylkesmannen som ber oss om å danne nye kommunar som er robuste nok til å gi folk gode tenester. Slik vi ser det, blir ein kommune med Haram og Sandøy for liten til å innfri desse krava.

Møte framtida

Sandøy har 1.300 innbyggjarar. Andre kommunar på Sunnmøre er ikkje stort større, men vil halde fram som før.

– Er det noko desse kommunane ikkje har skjønt?

– Eg hadde vel håpt at andre også drog dei same konklusjonane som oss, men i Sandøy er det ikkje meir komplisert enn at vi innser at vi må bli ein del av ein større kommune for å møte framtida. Og vi meiner at avtalen med Skodje og Ålesund er den beste for oss no.

Utkant

Myklebust er heller ikkje redd for at Sandøy blir ein utkant i den nye kommunen.

– På kartet kan det sjå slik ut, men eg er trygg på at vi skal få dette til å fungere. Fagmiljøa blir sterkare og kommunedelutvala vil sikre at lokaldemokratiet fungerer, seier Myklebust.

I saksutgreiinga si om kommunereforma, skriv rådmannen i Sandøy, Ann-Heidi Paulsen Orvik, at ei samanslåing med Haram no kan gje Sandøy dårlegare kort på handa dersom det blir ein ny forhandlingsrunde.

– Ein strategi med å gå saman med Haram no, og seinare bli forhandla inn i ein endå større kommune som ein del av Haram, vil truleg gi mindre innflytelse over utviklinga i framtida, meiner rådmannen.

For Sandøy har det aldri vore noko alternativ å sjå mot Romsdal.

– Vi trur Nye Ålesund blir ei god og framtidsretta løysing, men det hadde vore enno kjekkare om Haram også var med, seier Oddvar Myklebust.