Slik blir den nye kvardagen for sauebøndene. Ålesundsbedrifta Møre UAS og Findmysheep.com i Kvikne har skrive under ein samarbeidsavtale.

Saman skal dei utvikle nye løysingar for tilsyn av sauer, ved hjelp av dronar, fortel Norsk landbruk.

– Dette er eit heilt nytt felt å bruke dronar på. Og i tillegg til å bruke dronar til å sende ut når alarmen går, så ser vi også for oss at dronar kan brukast til regelmessig tilsyn, seier Jo William Boman, gründer i Møre UAS.

Forkortinga står for Unmanned Aviation Services.

Hangar

Boman fortel at dei også arbeider med å utvikle eigne droneboksar, eller hangarar, som kan stå ute i terrenget. Desse boksane skal dronen bruke som base og ladestasjon, og deretter flyge regelmessig i faste ruter som er programmert inn på førehand.

Dronane kan då opptre på eigen hand, utan operatørar – altså menneskeleg innblanding.

Etter ein slik inspeksjonsrunde kan dronen lande på boksen, kople seg opp mot internett og sende bilete frå flygeturen.Bileta får bonden inn på smarttelefonen sin. Slik kan han sjå om alt ser normalt ut.

– Før har saueeigarar vore tvungne til å legge ut på timelange turar, ofte i bratt terreng, for å sjå til sauene sine. Og har han ikkje funne dyra, har det hendt at han har leigd småfly eller helikopter for å finne dei.

– Dronane kan gjere jobben for ein langt rimelegare penge, seier Boman.

Møre UAS, som har sertifiserte dronepilotar, har i dag fem heiltidstilsette og heile landet som arbeidsfelt.

Kraftselskap

Inspeksjon og fotografering er ei stor arbeidsoppgåve. Og Boman fortel at kraftselskap er viktige oppdragsgjevarar.

Men no kan også sauebønder bli faste kundar.

– Vi har fått svært positive tilbakemeldingar frå næringa, seier William Bomann.

Og her er endå ein positiv sauebonde, Hilmar Kleppe, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit:

– Dette høyrest fantastisk ut. Eg var ikkje klar over at ein var komen så langt med denne teknikken. Dette vil vi gjerne vere med på, seier Kleppe.

<strong>BÆÆÆRE LEKKERT:</strong> Snart kan sauer på utmarksbeite bli passa på av dronar som svevar over dei oppe i lufta. ILLUSTRASJONSFOTO: NTB SCANPIX
<strong>PILOT:</strong> Dronepilot Leif Otto Hareid i Møre UAS gjer klar ein drone. Foto: Møre UAS