Vedtaket er historisk. For her vert to kommuner på kvar si side av fylkesgrensa slått saman. Hornindal meiner kommunen er for liten til å vere sjølvstendig.

- Mitt høgste ønskje er at vi klarer å sjølve, men eg klarer ikkje å sjå at det er realistisk, basert på dei oppgåvene vi har i dag, og vil få i framtida. For våre fagmiljø er sårbare, sa ordførar Stig Olav Lødemel (H) i kommunestyret.

Høgre-ordføraren har ikkje lagt skjul på at han vil til Volda og ikkje til Stryn, mellom anna fordi han vil utfordre grensa for helseføretaka og fordi han stoler meir på Møre og Romsdal enn på Sogn og Fjordane i arbeidet for å få skikk på problemvegen fylkesveg 60.

- Men det er delte meiningar og vi klarer ikkje å gjere alle til lags, sa ordføreren.

På oppløpet i samanslåingssaka måtte kommunestyret ta stilling til eit krav om folkeavstemming i Hornindal. Dei to siste dagane har det vore ein aksjon som har samla 266 underskrifter, og det er mykje i ein kommune med 1.200 innbyggjarar. Initiativtakaren, Anne Lise Hatledal, fekk lov til å halde innlegg på kommunestyret.

- Det er umuleg å stoppe eit slikt folkekrav, sa Hatledal i sitt korte innlegg.

Men kommunestyret var ikkje samd. Fleirtalet viste til at spørsmålet om folkeavstemming har vore avvist to gongar tidlegare i kommunestyret. Det har også vore ei innbyggjarundersøking som viser at honndølane er delte akkurat på midten.

- Det einaste ei utsetting av avgjerda vil føre til er bygdestrid, sa Thore Heggen (H), som stemte mot folkeavstemming.

- Det er vemodig å stå her

Dei seks representantane frå Senterpartiet utgjorde mindretalet, både i saka om folkeavstemming og saka om samanslåing med Volda.

- Det er vemodig å stå her. Det kan bli gravøl i kveld. For det er mykje som tyder på at dette er slutten for Hornindal kommune. Men sjølv den mest innbarka honndølspatriot må innsjå at brura, som er 40 år, må få gifte seg, og då må vi gjere eit vegval, sa Sp sin gruppeleiar Eldar Årvik Engelund.

Også han var i tvil om Volda eller Stryn var det rette, men fall ned på Stryn, som Hornindal skilde seg frå for 40 år sidan.

Etter at Stryn trekte seg ut av prosjekt Stryn-Volda kommune har Volda og Hornindal forhandla i rekordfart. Mellom dei tema politikarane ikkje har tatt stilling til er namnet på den nye kommunen med innbyggjarar på kvar si side av fylkesgrensa.

-  Hjartet seier Stryn med fornuften seier Volda, sa fleire kommunestyrerepresentantar i Hornindal i debatten.

I eit eige punkt vert også døra til Stryn framleis halde ope, for politkarane i Hornindal vil helst vere del av ein enno større kommune enn Volda-Hornindal..