Gulating lagmannsrett kjem med motsett konklusjon av tingretten i sin ferske dom i arbeidsrettssaka der Stryn-bedrifta er saksøkt.

Den slovakiske arbeidaren starta som sesongarbeider i 2012 og blei fast tilsett i 2013. I august 2014 nekta han å bruke øyreklokker etter at det blei avdekt mykje støy på arbeidsplassen.

Bedrifta frifunnen

Striden mellom arbeidsgjevaren og den tilsette dreia seg mellom anna om bedrifta har gjort ein grundig og god nok saksprosess. Det meiner lagmannsretten at dei har - og frifinner Nordfjord Kjøtt for usakleg oppseiing.

Den tilsette blir óg dømt til å betale om lag 126.000 kroner for arbeidsgjevarens sakkostnader til lagmannsretten.

Saksøkjaren har forklart at han forstod kva for krav som blei sett om bruk av øyreklokker, men han brukte dei ikkje. Partane møttest til fleire drøftingsmøter og i november blei han oppsagd.

Alvorleg pliktbrott

Lagmannsretten konkluderer med at det dreier seg om eit alvorleg pliktbrott og vesentleg mislighald  frå den tilsette si side. I dommen heiter det at den tilsette ikkje har vist samarbeidsvilje. Det er ikkje medisinsk grunnlag for at han ikkje skal nytte øyreklokkene, men den tilsette har opplyst at han blir svimmel av dei.

I tingretten fekk mannen medhald i usakleg oppseiing, og fekk til saman 220.000 kroner i erstatning og oppreising.