Ordførarane hadde tatt på seg kvar sine ordførarkjede, og på sidelina stod Erna Solberg.

– Vi er glade for at du har tatt turen til Ulstein ... nei Hareidlandet heiter det vel no, sa Hareid sin ordførar, Anders Riise, før han sette signaturen på intensjonsavtalen, ein avtale som har blitt forhandla fram på rekordtid.

Medan stemninga i Ulstein har vore positiv til kommunesamanslåing, så har Hareid-ordføraren ein jobb å gjere på heimebane i samband med ei ny folkeavstemming til hausten.

– Eg synest avtalen er så god at eg trur den vil få støtte hos fleirtalet. Ulstein har vore rause på mange område, seier Anders Riise.

Ulstein skal ha rådhuset, men viktige kommunale tenester skal leggjast til Hareid. Sidan Ulstein har høgre gjeld enn Hareid, skal Hareid få gjennomføre to tunge investeringar, i eit helsehus og ny ungdomsskule.

– Måtte de gje veldig mykje?

– Eg kjenner at det smerta på enkelte område, men i sum er avtalen balansert, seier Ulstein sin ordførar, Knut Erik Engh.

Foto: MARIUS BØSTRAND