Han har nettopp fått vite at Miljødirektoratet har bestemt seg: Dei gjev ikkje løyve til å flytte på vraket av den havarerte russartrålaren som ligg like ved land i Hundeivik.

Å flytte eit vrak reknast nemleg som dumping, og dumping i sjøen er forbode, skriv direktoratet i eit brev til Sykkylven kommune.

Dei legg til at dei berre kan gjeve løyve dersom vraket ligg til skade eller fare, og det kan dei ikkje sjå at det gjer. Skipet er nemleg tømt for olje.

– Vi kan ikkje sleppe denne saka no. I tillegg til at ho kjem opp i Stortinget sin spørjetime etter ferien, så må vi også ha ei anna plan. Difor kjem vi til å setje oss ned i kommuneleiinga for å drøfte neste trekk, seier Drotninghaug.

– Direktoratet seier at det er lov å heve vraket. Er det aktuelt?

– Nei, det vil koste fleire titals millionar. Så det har vi ikkje pengar til, svarer ordføraren.

Heller ikkje bedrifta Fishtech, som ikkje kan nytte kaia si så lenge vraket ligg rett utanfor, har råd til ein slik dyr operasjon.

Trålaren «Krasnoselsk» havarerte i orkanen i romjula 2011.

<strong>TRÅLAR:</strong> Orkanen «Dagmar» senka trålaren «Krasnoselsk». FOTO: ØYSTEIN RØIMÅL