Miljødirektoratet har no bestemt seg: Dei gjev ikkje løyve til å flytte på vraket av den havarerte russartrålaren som ligg like ved land i Hundeivik.

Å flytte eit vrak reknast som dumping, og dumping i sjøen er forbode, skriv direktoratet i eit brev til Sykkylven kommune .Dei legg til at dei berre kan gjeve løyve dersom vraket ligg til skade eller fare, og det kan dei ikkje sjå at det gjer.  Skipet er nemleg tømt for olje.

Direktoratet legg til at når det gjeld fjerning av herrelaust avfall, så har Kystverket ansvar for å aksjonere. Også kommunen har høve til å fjerne trålaren «Krasnoselsk, som havarerte i orkanen «Dagmar» i 2011, skriv direktoratet. Vraket hindrar Fishtech i å bruke kaia. Ei fjerning vil koste mange millionar. Fishtech og kommunen har ikkje råd til det.