78-åringen har vore prest i Den norske kyrkja heilt sidan 1970 og fram til sist vinter, då han var vikarprest. No er det derimot stopp. Den erfarne presten har meldt seg ut av kyrkja i protest, melder Vestlandsnytt.

– Eg har vore i tenkjeboksen ei tid, heilt sidan eg såg kva veg det kunne kome til å gå på Kyrkjemøtet. Då vedtaket kom om eigen liturgi for vigsel av likekjønna, bestemte eg meg. På mange vis er dette ei tung avgjerdsle, men eg meiner eg har gjort det rette, seier Brubakk til Vestlandsnytt.

Det betyr ikkje at Brubakk kjem til å la vere å gå i kyrkja, blant anna fordi at prestane i den lokale kyrkja deler hans syn i saka om vigsel av homofile.

– Eg har snakka med dei tre andre prestane om dette spørsmålet, og vi er samde i saka, seier Brubakk.