Det er nettavisa til Fjordingen som skriv om hendinga. Skiltet, som har vorte fjerna, ligg ved fylkesveg 60 i Honndalslia.

– Skiltet vart borte berre nokre dagar etter at kommunestyret gjorde vedtak om samanslåing med Volda kommune. Kanskje har det alt vorte eit "samleobjekt", sier einingsleiar for utvikling i Hornindal kommune, Ståle Hatlelid, til avisa.

30. juni sa nemleg kommunestyret i Hornindal ja til Volda. Dei meinte kommunen er for liten til å vere sjølvstendig.