I går vart det kjent at Konkurransetilsynet ikkje godkjenner salet av Fjord 1 – aksjane til Torghatten.

– Som fylkesordførar i ei eit av dei største ferjefylka er eg veldig glad for denne avgjerda. Det vil hindre monopolisering og oppretthalde ein viss konkurranse i ferjemarknaden, seier Jon Aasen i ei pressemelding.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i ein uttale til Konkurransetilsynet støtta Vegdirektoratet sitt syn, og bedt om at salet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar til Torghatten, ikkje vert godkjent.

Konkurransetilsynet forbyr Torghattens kjøp av eierandeler i Fjord1. Her ferja M/F Solskjel fra Fjord1. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Det er i dag berre fire aktive reiarlag i dei fleste konkurransar, og med bakgrunn i dette har fylkeskommunen gitt uttrykk for skepsis til at Fjord1 og Torghatten, dei to største reiarlaga, skal slå seg saman, og svekke konkurransekrafta i ferjemarknaden.

– Ferjene utgjer ein sentral og viktig del av transportinfrastrukturen i Møre og Romsdal, og vi har erfart at kostnader knytt til kjøp av ferjetenester har auka enormt dei seinare åra. At fylkestinget i eit ferjefylke som Sogn og Fjordane vedtok at Torghatten skulle få kjøpe Fjord1-aksjane, og dermed risikere å svekke konkurransen i marknaden, var derfor svært overraskande og etter mitt syn lite heldig. Eg ser derfor på avgjersla til Konkurransetilsynet som ein siger for ferjefylka, avsluttar Aasen.