Sunnmørsposten har tidlegare skrive at steinsamlar og hobbygeolog Halvar Eide på Sjøholt ønsker å gje vekk ei stor steinsamling til Norddal kommune.

– Eg meiner at Norddal kommune skal engasjere seg i dette prosjektet som eg trur kan bli noko stort. Det skriv ordførar Arne Sandnes (Sp) i eit brev til steinsamlar Halvard Eide på Sjøholt.

Sandnes meiner avslaget skuldast at ein ønsker seg ein meir gjennomarbeidd søknad der det kjem tydelegare fram kva som er potensialet og det overordna perspektivet for satsinga.

Oppmuntring

– Søknaden er med andre ord ikkje avslått for godt. Dette kjem vi tilbake til, skriv Sandnes oppmuntrande i brevet til Eide.

Sandnes fortel til Sunnmørsposten at i midten av august skal det vere eit møte i Ålesund om steinsamlinga, der også Forskingsrådet skal vere med.

Ikkje berre er ordføraren i Norddal optimist på steinsamlinga sine vegner. Det er også Halvard Eide:

– Eg er sikker på at dette vil gå i orden. Vi driv og legg ein plan, seier Eide. Han har nemleg gode støttespelarar rundt seg som er einige i at steinsamlinga han har brukt 40 år på å bygge opp bør bli eit geologisk utstillingsvindauge i Norddal kommune.

Arne Sandnes seier at det er fleire aktuelle stader i kommunen som kan huse samlinga.

Plassering

Kvar samlinga reint fysisk skal plasserast er likevel ikkje det viktigaste no, ifølgje ordføraren.

– No jobbar vi med å finne eit driftskonsept. Ikkje minst ser eg for meg at samlinga kan nyttast innan forsking, undervising og besøksturisme, seier Sandnes.

Han meiner steinsamlinga bør gå inn som dokumentasjonsgrunnlag for verdsarven, ettersom delar av Norddal kommune har verdsarvstatus med Herdalen og Tafjorden som dei mest kjende merkevarene.

– Nettopp geologi i vidaste forstand – både mineralogi og kvartærgeologi – var eit berande element under innskrivinga av verdsarvstatusen i 2005. For tida er dette mangelfullt dokumentert og kommunisert til dei som vil besøke området, meiner Arne Sandnes.