– Turen opp til Slogen er merka som krevjande, men der er ingen informasjon om at dette, etter mi meining, er ein risikoeksponert tur. Ein kan ikkje seie at dette er ein 100 prosent trygg tur, fortel leiar i Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, Jan-Gunnar Hole.

Det går ein diskusjon om turen opp til Slogen i Ørsta. Ålesund-Sunnmøre Turistforening kallar turane krevjande på sine nettsider.

Jan-Gunnar Hole meiner derimot at turen må karakteriserast som risikoeksponert. NRK Møre og Romsdal var først med å omtale saka.

Risikofylt punkt

– Der er eit punkt på Slogen der ei fatal ulykke kan vere eit utfall, fortel Hole.

Han var nyleg på Slogen på familietur. Etter å ha sett pågangen av folk som var på fjellet konstaterte han at risikoen på fjellet må presiserast i turristbøker og andre informasjonskanalar.

Trygg rute på Slogen Denne rutar meiner Kai A. Olsen er trygg, under rette forhold. Inga rute er 100 prosent trygg i følgje Jan-Gunnar Hole. Foto: Turistbokforlaget

– Der var bokstavleg talt kø opp ved det mest risikofylte punktet på fjellet, og med slik pågang blir risikoen større, konstaterer Hole.

– Alle fjellturar kan potensielt vere risikofylt. Ein kan skli og ramle overalt, men dersom vi skal merke alt som risikofullt, kan vi då heller la vere å omtale fjellturane, seier Åsmund Steen i Ålesund og Sunnmøre Turistforeining

Vil heller legge tilrette

– Løysinga er ikkje å diskutere om turen skal omtalast som krevjande eller risikoeksponert. Det er tilrettelegging. Tydeleg merking og kjetting over svaberga slik at ein har noko å halde seg i. Då er ein sikker, også om forholda ikkje er dei beste, meiner forfattar og professor Kai A. Olsen.

Han er einig i at Slogen under vanskelege forhold kan by på vanskelege situasjonar, men deler ikkje meininga om at det vil hjelpe å opplyse om dette i turristbøkene.

– Ulykker kan skje på mange fjell, men det viktige er ikkje å skrive at alle fjell er risikofylte. Ein må fjerne risikoen ved å for eksempel legge ut ein kjetting for å tryggje turgåarar i dei risikoutsette fjellpartia.

Støtter ikkje fysisk tilrettelegging

Jan-Gunnar Hole Etterlyser informasjon om risikoen på Slogen. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Jan-Gunnar Hole er ikkje einig i at fysisk tilrettelegging er vegen å gå. Han meiner at med rikeleg informasjon vil folk kunne gjere eigne vurderingar om ein fjelltur er for dei eller ikkje.

– Samstundes minskar det naturopplevinga som er i Sunnmørsalpane. Det øydelegg sjarmen med å gå på slike toppturar som denne, seier Hole.

– Faren vi ser med å legge til rette på enkelttopper er at fleire, som kanskje eigentleg ikkje er hendte til å klive opp på fjellet prøvar. Dette kan då potensielt auke risikoen. Alle skal sjølvsagt få gå på fjellet, men folk må ta ansvar for at dei sjølve klarer turen, fortel Åsmund Steen.

Steen trur også at om ein fyrst byrjar med tilrettelegging at det då vil balle på seg.

– Typisk norsk puritansk haldning

– I Norge har det vore heilagbrot å foreslå tilrettelegging i fjellet. I andre land, som har lengre tradisjonar for fjellturisme enn oss, er dette derimot vanleg, svarer Kai A. Olsen.

Kai A. Olsen Er professor i informatikk og forfattar av boka «Turbok for Ålesund og Omegn». I boka omtalar han turen på Slogen som «trygg og grei».

– Der finn vi god merking, tydleg skilting av alternativ og sikring av utsette partier. Dette er einaste måten å sikre dei mest besøkte toppane, meiner han.

Olsen meiner at der er nok av toppar i området der ein kan oppsøke urørt natur, men at det på ein så populær topp som Slogen bør leggast til rette.

Facebook-normalisert topp

– Gjennom at alle no delar bilete frå toppturar på fjellet hevast terskelen for å snu. Ein kan då fort gløyme risikoen som slike turar kan by på og derfor er det viktig å informere om at slike turar har ein risikofaktor ved seg, ikkje legge opp kjetting og tau, meiner Hole.