I går ettermiddag åtvara Vegtrafikksentralen om lang ferjekø og trafikkproblem ved Linge ferjekai på fylkesveg 63 i Norddal.

Problema held fram i dag, stadfester Bjørn Arild Sekkenes hos ferjeselskapet Fjord1.

Dei tre ferjene i sambandet Linge–Eidsdal greier ikkje å ta unna all trafikken. I går vart ferjekaia full, slik at køen stod ut på fylkesvegen. Til saman var det bortimot 1,5 km kø store delar av dagen, ifølgje Sekkenes.

– Med det fine vêret som er i dag, vil eg tru at det blir ein veldig stor trafikkdag. Det er mellom ein halv og ein times ventetid, seier Sekkenes til smp.no tidleg torsdag ettermiddag.