Arbeidarpartiet oppmoda alle kommunar som miste nokon på Utøya 22. juli 2011 om å ha ei minnemarkering i dag. I Stryn samlast folk i kulturhuset. Der heldt fungerande ordførar Torstein Tvinnereim tale før han gav ordet vidare til Nils Petter Støyva frå Arbeidarpartiet. Deretter gjekk forsamlinga samla til minnestøtta i Betaniaparken.

–  Det er ein tung dag for alle. Det er mange sterke inntrykk og kjensler knytte til denne dagen, seier Oddbjørn Nesje.

Han  var ein av dei som deltok på minnemarkeringa. Nesje kjem frå Mindresunde, ikkje langt frå Flo, og var sjølv med i AUF i mange år.

– Eg syns det var eit veldig flott initiativ å ha ei slik markering her på femårsdagen. I dag går tankane mine spesielt til dei pårørande og AUFarane som var på Utøya i 2011, seier han.

Nesje var fylkesleiar i Hordaland AUF i to år og sat i sentralstyret i fire. Han har sjølv vore på Utøya.

– Eg håpar 22. juli kan vere ein dag der vi tenkjer ekstra godt på verdiane som er viktige for oss: tillit, nestekjærleik, respekt, demokrati og fridom, avsluttar han.

Oddbjørn Nesje