I Stranda rykte væpna politipatruljer ut til eit bustadområde på Furset etter fleire meldingar om at det var høyrt skot, meldte politiet ved 03:30-tida. Det viste seg å vere snakk om fyrverkeri, og anmeldelse blei oppretta.

Ellingsøytunnelen var stengt frå 06:30-tida og like over 07, etter at ein bil rauk i tunnelveggen tidleg laurdag morgon. Førar blei henta av ambulanse til sjukehus, og kom frå det med lettare personskadar, men det blei lagt beslag i førarkort, tatt blodprøve og oppretta sak. Bilen blei berga ut og tunnelen er open att.

Uorden og fulle menn

Frå Ålesund sentrum blir det oppretta anmelding mot ein mann i 20-åra som skal ha truga vakter på ein utestad, og sparka i bilar i nærleiken. Ved 01-tida kom det melding om to menn som slo mot personar ved ein utestad i sentrum, og sak blir oppretta.

Ein berusa mann i 40-åra forårsaka ordensforstyrring og blei satt i arrest. Det ville han ikkje, og tok til å truge politiet. Han blir anmeldt for forholdet, meldte politiet.

Frå ytre bydel fekk politiet melding frå taxi om at ein mann hadde stukke av frå rekninga. Sjåføren anmelder forholdet.

Frå sentrum blei ein mann frakta til legevakta før midnatt for legesjekk, etter ei ordensforstyrring. Ein mann i Spjelkavik blei òg køyrd til legevakt for sjekk av sårskadar.

Frå Liadal kom det melding om at ein person var blitt utsett for vold av fleire andre. Politi og ambulanse kom til staden, og ein mann blei tatt med til legevakt for sjekk, meldte politiet i 07-tida i dag tidleg.

Bilar av vegen

Frå Leikong fekk politiet melding om ein forlatt bil som hadde køyrd i grøfta. Føraren blei imidlertid lokalisert, og sak blei oppretta etter mistanke om ruskøyring.

I går kveld kolliderte ein bil og ei moped i Ørsta sentrum. Mopedførar blei køyrd til legevakt for sjekk etter lettare personskade, og det blei lagt beslag i førarkort til bilsjåføren, som hadde brutt vikeplikt i rundkøyring.

Seinare på kvelden køyrde ein bil av vegen ved Stokksund i Herøy. Ingen personskade blei meldt, me bilen blei dratt opp av grøfta, og det vil bli oppretta sak, ifølgje politiet.