Litt sveitte etter ein time i solsteika, litt skvetne, men mest forventningsfulle spring dei rundt: dei ferske studentane som prøver å orientere seg. Kor skal dei ta vegen?

Heldigvis er hjelpa nær, og godt synleg i blå T-skjorte:

– Sosionom og barnevern, inn her!

Viser veg:Fadder Celine Jensen og Kine Gundersen.

Celine Jensen og Kine Eikstrøm Gundersen er to av totalt 120 fadderar i sving. Dei viser ferske studentar inn til sitt første møte med klassekameratar og lærarar.

– I dag handlar det berre om å bli kjent med kvarandre, seier Jensen. I løpet av veka ventar skule, festing og aktivitetar for studentane.

Men først: Omvising.

– Vi skal vise dei rundt på skulen og i Volda, seier Gundersen.

Størst kull

Totalt blir det om lag 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda i år – omtrent som i fjor, som var eit rekordår.

Aller størst blir nettopp kulla for sosionom og barnevern, som har sett ei stor auke i søkartal. Totalt ventar høgskulen rundt 170 studentar på desse studia.

– Det har nok litt med oljekrisa å gjere. At ein vil ha tryggare jobbar, trur førsteårsstudent Solveig S. Engelsgjerd frå Rogaland, som har teke plass bakarst i auditoriet ved sidan av Vegard Iversen.

Begge har høge forventningar til studiemiljøet. Iversen har studert i Volda tidlegare.

– Eg treivst veldig godt sist. Det er bra studentmiljø, lite og lett å få vener, seier Iversen.

Unnabakkeløp

Faddersjef Nikolai Nordlid lover ei veke spekka full av alt frå fjellturar og rebusløp.

Mange på Sunnmøre ar høyrt om bakkeløp. Studentane køyrer sin eigen versjon:

–I år blir det unnabakkeløp med «Klepp ned», seier Nordlid. Og ikkje minst blir det konsertar på Rokken. Faddersjefen har særleg høge forventningar til Datarock. Men det viktigaste er å stifte nye venskap.

– Eg var ikkje aleine om å kjenne få då eg kom til Volda. Dei fleste er i same situasjon. Sei hei møt folk med eit smil, så går det bra, råder han.

<strong>Fadderleiar:</strong> Nikolai Hannevik Nordlid. Foto: Nils Harald Ånstad
<strong>Studentpris-vinnarar:</strong> David Fiskaa frå Studenttinget og Christian Christiansen i studentidrettslaget fekk Studentprisen 2016. I midten prorektor Jens Standal Groven. Foto: Nils Harald Ånstad