- Det er på det reine at guten har site på med far sin under arbeid. Undervegs har han falle av ATV-en og ned mellom denne og ein beitepussar som var kopla til køyretøyet via hengarfestet, seier politiadvokat Lena Romestrand ved Møre og Romsdal politidistrikt.

- Det var berre guten og faren til stade då ulykka skjedde. Vi har fått stadfesta det eg no har sagt, men som følgje av omstenda har det førebels ikkje vore mogleg å gjennomføre avhøyr av faren, legg ho til.

Ifølgje politiet er guten som er skadd åtte år.

- Han har skadar i buken og er henta av ambulanse. Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, heitte det i den første meldinga frå politiet på Twitter, like etter klokka 20, onsdag.

- Guten er alvorleg skadd, men statusen er stabil, melde Helse Møre og Romsdal på heimesidene sine, litt før klokka 22, onsdag.

Politiet vart varsla om hendinga via AMK klokka 19.10.