Tove Regine Stranden er ny elev- og lærlingeombod i Møre og Romsdal.

– Mi rolle er å styrke meistringa til elevane og lærlingane, slik at dei får ein betre skulekvardag. Det er mykje å sette seg inn i, og eg gleder meg til å komme i gang, seier Stranden i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Stranden vil at terskelen skal vere låg for å ta kontakt, uansett om elevane har større eller mindre problem.

Dette kan elev- og lærlingeombodet bidra med:

  • Hjelpe til med klager viss det er noko ved skulen eller i opplæringa som ikkje er som det skal.

  • Svare på spørsmål frå elevar og lærlingar.

  • Jobbe for å styrke elevar og lærlingar sin medverknad i opplæringa.

  • Informere om rettar og plikter.

  • Leggje til rette for velfungerande elevråd.

  • Halde kurs i tema som er relevante for elevar og lærlingar, elevrådet og skulen.

  • Ta opp enkeltsaker på vegne av lærlingar, elevar, elevråd eller skular.

Elev- og lærlingombodet har teieplikt, ifølgje lova, men saker blir behandla i tråd med offentleglova.

Stranden er utdanna vernepleiar og tar ein mastergrad ved Høgskulen i Volda.