Utdanning:

Skal hjelpe elevar og lærlingar med vanskar

Nytt tilbod for å hjelpe elevar og lærlingar med spørsmål som gjeld vidaregåande opplæring på skule eller i lærebedrift.

Tove Regine Stranden er ny elev- og lærlingeombod i Møre og Romsdal.

– Mi rolle er å styrke meistringa til elevane og lærlingane, slik at dei får ein betre skulekvardag. Det er mykje å sette seg inn i, og eg gleder meg til å komme i gang, seier Stranden i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Stranden vil at terskelen skal vere låg for å ta kontakt, uansett om elevane har større eller mindre problem.

Dette kan elev- og lærlingeombodet bidra med:

  • Hjelpe til med klager viss det er noko ved skulen eller i opplæringa som ikkje er som det skal.
  • Svare på spørsmål frå elevar og lærlingar.
  • Jobbe for å styrke elevar og lærlingar sin medverknad i opplæringa.
  • Informere om rettar og plikter.
  • Leggje til rette for velfungerande elevråd.
  • Halde kurs i tema som er relevante for elevar og lærlingar, elevrådet og skulen.
  • Ta opp enkeltsaker på vegne av lærlingar, elevar, elevråd eller skular.

Elev- og lærlingombodet har teieplikt, ifølgje lova, men saker blir behandla i tråd med offentleglova.

Stranden er utdanna vernepleiar og tar ein mastergrad ved Høgskulen i Volda.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå