– Alle barn er i grunnen skulemodne, fordi det heiter at skulen skal møte ungane på det nivået dei er, seier Liv Ingrid Aske Håberg.

Ho er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, og har doktorgrad i pedagogikk frå 2015. Aske Håberg beundrar dei som er førsteklasselærarar, som skal sluse ein heil flokk med seksåringar inn i tradisjonen med norsk, matematikk og andre fag.

– Uformell kunnskap tyder på at det kan vere fleire år skilnad i utviklinga hos barn som startar på skulen, fortel ho.

Funn

På spørsmål om kva ein seksåring bør kunne når han startar på skulen, viser Aske Håberg til funn i eksisterande forsking.

Barnehagelærarar legg mykje vekt på å lære dei største ungane i barnehagen ulike sosiale ferdigheiter med tanke på overgangen til skule: Sitje stille, rette opp handa, vente på tur, snakke berre når du vert spurt, kle av og på deg, gå på do åleine.

– Førsteklasselærarar eg har snakka med trekkjer også fram slike ferdigheiter, og det er ikkje noko problem å sjå at det er greitt at nye førsteklassingar kan dette.

Større

– Men eg meiner at pedagogane i barnehagen må tenkje større, og vil trekkje fram kor viktig ordforrådet er for den faglege utviklinga til barnet. Det ordforrådet ein har som fireåring, er ein sterk indikator på kor flink ein er å lese når ein er ti år, forklarer Aske Håberg.

Å gi barna metaperspektiv på eigen læringsprosess, som å få dei til å forstå at dei ikkje forstår ting – og dermed spørje om hjelp, er også noko ho meiner bør jobbast meir med blant dei største barna i barnehagen.

Klar

Aske Håberg har jobba over 20 år som spesialpedagog i barnehage, og seier at dei aller fleste fem- og seksåringar er klare for å starte på skulen.

– Men overgangen frå barnehage til skule er stor, og mange av dei som startar på skulen er berre fem og eit halvt år, minner ho om. På skulen har borna langt færre vaksne rundt seg, skuledagen er mykje meir strukturert, og alt er mykje meir vaksenstyrt og regulert enn i barnehagen.

Ungane må sitje meir i ro, og det blir stilt større krav om fagleg læring. Dei skal knekkje lesekoden og lære talsymbol for mengde. Settingen er ein heilt annan på skulen enn i barnehagen, sjølv om begge er pedagogiske institusjonar.

– Nokre barn tek overgangen på strak arm, somme treng å bli pusha litt, og andre igjen kan trenge hjelp og støtte i lang tid for å venje seg til skuleformatet, seier Aske Håberg.

Støtte

Til foreldra til nye førsteklassingar, vil ho gi råd om å vere sensitive og støttande.

– Foreldra er utruleg viktige for barna sitt forhold til skulen. Foreldre som signaliserer at skule er positivt og viktig, og som både støttar og set krav – deira barn får gode vilkår for å meistre skulen.