I halv åttetida måndag ramla det ut nokre steinblokker ned frå Alstadfjellet ved Grønning i Norddal kommune.

– Det er litt vanskeleg å seie kor mykje det er snakk om, men det er kanskje opp i 3000 kubikk som har rasa ut. Nokre få steinblokker kom ned på vegen, og slo ned i fylkesvegen. Den største blokka på 7-8 kubikk landa midt i innkøyringa til brua på Grønning, seier Yngve Hovden, ingeniør i Norddal kommune.

Ein geolog frå Statens vegvesen har hatt ei drone i området og filma fjellet heilt oppe. Ingen er skadd som følge av raset.

– Det er uklart om det kan kome meir, det er jo mange slike farlege plassar. Det kjem litt stein av og til, seier Hovden.

Han meiner det ikkje er behov for å stenge vegen.

Ei stor steinblokk landa midt i vegen. Foto: YNGVE HOVDEN

500 meter over vegen

Geolog Halgeir Dahle i Statens vegvesen fortel at det er mellom 1000-3000 kubikk som har løsna 500 høgdemeter over vegen. Raset har delt seg i fleire bitar etter å ha treft eit bratt sva.

– Så har det spreidd seg utover. Totalt er det rundt 10 kubikk som har passert vegen, seier Dahle.

Slik situasjonen er no kan ikkje geologen sjå vekk frå at det kjem meir, men det er ikkje slik at det må gjerast tiltak. Der steinblokkene løsna ser det greitt ut, men det er så bratt at det ikkje er mogleg å ha folk der. Ifølgje Dahle er det heller ikkje slik at ein kan spyle vekk eventuelle restar.

– Det kan kome eit nytt skred om ei veke eller om ti år. Det er sjeldan at det kjem stein på vegen i Valldal. Det går meir snøskred om vinteren, men då er vegen stengt, seier Dahle.

Delvis opna

Trafikkoperatør Morten Eitran hos Vegtrafikksentralen fortel at vegen vart opna, men innsnevra, klokka 14.17.

– Det ligg igjen ein stor stein som må sprengast. Den er om lag 20-25 tonn, og vegen er litt øydelagt der steinen har landa, seier Eitran.

Sjekk trafikkmeldingar for Møre og Romsdal på vegvesen.no  (ekstern lenke)