Det trur tidandeklassingane Synne Masdal, Hanne Myren Barstad og Emilie Moe Vartdal. Dei er blant 49 ungdomsskuleelevar som i dag tok i bruk det heilt nye skulebygget til Vartdal skule.

– Eg likar at skulen er så moderne, og så er her mykje betre plass enn på gamleskulen, seier Synne Masdal.

Truga

Det er berre fire år sidan ungdomstrinnet på Vartdal var truga av nedlegging.

I dag viser rektor Laila Aarset stolt fram det nye, topp moderne skulebygget.

– I dag har eg teke på meg det største smilet mitt. Dette er fantastisk for Vartdalstranda. Det betyr mykje at vi kan halde på elevane til dei blir 16 år, seier Aarset.

Spesialrom

Den nye delen av skulen er på om lag 1000 kvadratmeter og har tre klasserom for dei ulike trinna i ungdomsskulen.

I tillegg har nybygget spesialrom for musikk, naturfag og kunst og handverk. Her er også nytt personalrom, kontor for administrasjonen og arbeidsrom for lærarane.

125 elevar

Vartdal skule omfattar også barnetrinnet, som held til i same skulebygg som før. Den gamle ungdomsskulen er jamna med jorda.

Vartdal skule har 125 elevar frå heile Vartdalstranda, fordelt på 1. til 10. klasse.