Dalsfjorden er smoltens Mekka, sa områdesjef Asgeir Hasund i Marine Harvest, då landets største settefiskanlegg med resirkulert vatn vart offisielt opna tysdag.

Det var mykje fint folk samla, og god stemning, då settefiskanlegget til 235 millionar kroner vart opna i Steinsvik, inst i Dalsfjorden. Den offisielle opninga skjer eit års tid etter at anlegget vart tatt i bruk.

- Laks er kinderegg

- Men dei måtte vel først sjå om det fungerte, sa landbruksminister Jon Georg Dale spøkefullt. Dalsfjorden sin store son fekk det ærefulle oppdraget med å erklære anlegget for opna.

Også ein av Rovdestranda sine store søner, konsernsjef Alf Helge Aarskog i Marine Harvest, hadde funne vegen inn nabofjorden.

- Det er spesielt gledeleg at matministeren opnar anlegget. For vi vert stadig fleire folk i verda, som treng mat. Og laks er eit kinderegg i forhold til matproduksjon. Får vi bukt med nokre problem er potensialet enormt stort, sa Alf Helge Aarskog.

7,5 millionar settefisk

Anlegget har kapasitet til å produsere 7,5 millionar settefisk i året. Det spesielle er bruk av teknologi som resirkulerer vatnet. Den nye anlegget sysselset 15 personar i Steinsvika.

- Det er stor stas at selskapet satsar så stort i Dalsfjorden. Her finn dei godt vatn og ikkje minst trygg og lojal kompetanse, sa fylkesordførar Jon Aasen, også han nærmast for lokal å rekne.